2. påskedag var det leiteaksjon ved Preikestolhytta. Eit følgje med spanjolar var på veg til Preikestolen. Ca. 20 minutt etter at dei gjekk frå hytta blei den eine sliten og ville ikkje gå lenger. Resten av gruppa gjekk vidare, men då dei kom tilbake fann dei ikkje kameraten sin igjen. Politiet blei varsla og mannskap frå Norsk Folkehjelp blei sende ut. Eit lag frå NF Forsand var på veg opp bakkane mot Preikestolhytta då meldinga kom om at mannen var funnen - på hotellet sitt i Stavanger.
Men det var i grunnen greitt at Folkehjelpen hadde mannskap ute denne dagen: Fire ungar som var på tur rundt Refsvatnet saman med foreldra sine kom bort frå dei vaksne. Ungane blei funne og hjelpte til rette igjen av mannskap frå Norsk Folkehjelp.
![]() |
Rune Søyland, Ole Tom Guse, Halvard Berge, Trond Olav Tangen, Jone Andreassen og Bergliot Lekven kunne køyra heim igjen etter eit kort besøk på Preikestolhytta.














