Blogg

Palestinsk valg i 2012?

Palestinsk valg i 2012?

Håpet i Palestina er at det gjennomføres valg i løpet av 2012. En forutsetning er at samlingsprosessen går sin gang, og at frihet og menneskerettigheter respekteres. Et steg i riktig retning ble tatt i forrige uke da valgkommisjonen i Gaza igjen åpnet sine lokaler.

Les mer om Palestinsk valg i 2012?

Endå ein miljøaktivist drepen i Guatemala

På veg heim til San Marcos, etter møter med styresmaktene i hovudstaden, vart energi- og miljøaktivisten Evelina Ramirez Reyes drepen av ukjente gjerningsmenn. To andre personar som reiste saman med henne vart såra, medan ein er bortført og forsvunnen.

Gruppa av lokalsamfunnsaktivistar hadde vore på møter i hovudstaden for å diskutere nasjonalisering av energiressursane og for å fremje lokalssamfunnet sine interesser i ein situasjon der det er stor fare for at lokalsamfunnet ikkje får del i planlagte vannkraftinvesteringar. Norsk Folkehjelp har fordømt attentatet overfor Guatemalas styresmakter og ber UD ta det opp med Guatemalas styresmakter. Både i El Salvador og Guatemala var det i 2009 liknande attentat kor aktivistar som arbeidde for lokale ressursinteresser vart drepne.  Victor Galvez (sjå tidlegare sak) frå San Marcos, var ein av dei.

Det siste attentatet aktualiserer på ein trist måte seminaret som Norsk Folkehjelp er med å arrangere saman med Kirkens Nødhjelp, FIVAS og Latin-Amerikagruppene den 4 februar. Seminaret har energi og vannkraftinteresser i Guatemala som eit av hovudtema.

Les Norsk Folkehjelps brev til Guatemalas president der vi fordømmer drapet på Elvina Ramirez Reyes.(spansk tekst):

Støtt vårt arbeid